Historia til Draumeplassen

21. Draumeplassen Paviljongen i Florø. Jomentum Barnekor og Flora Pensjonistlag. (Foto Roger Eide[973].JPG
 

Friluftsliv = god folkehelse

Naturen er den største arenaen vår for fysisk aktivitet. Der kan ein setje individuelle mål og vere aktiv etter evne gjennom alle fasar i livet. Friluftslivet er òg ein god arena for aldersblanda aktivitetar. Vi meiner naturmøteplassane er eit viktig bidrag til lågterskel aktivitet i friluft, og ser at mange fleire finn gleda ved å vere aktive i naturen gjennom bruk av naturmøteplassane.

Naturmøteplassane er lokale arenaer for natur- og miljøaktivitetar. Dei er opne, tilgjengelege og familievenlege, og er ein fysisk møtestad ved sjøen, på fjellet, i skogen eller på opparbeidde friluftsområde i nærmiljøet. Mange av naturmøteplassane er universelt tilrettelagt og rettar seg mot mange ulike grupper. Sidan 2008 har 4H hatt ei satsing på naturmøteplassar. Dette har ført til bygging av over 200 naturmøteplassar i Norge.

Naturmøteplassane har dei seinare åra fått støtte gjennom prosjektet Miljøløftet i 4H Norge som vann Årets gåve og 10 millionar frå Sparebankstiftelsen DnB i 2008. Miljøløftet-prosjektet vart avslutta ved årsslutt 2012. 4H Sogn og Fjordane gjennomførte i samarbeid med 4H Norge og andre samarbeidspartar prosjektet Møteplass: Naturen (2014-2016) for å vidareutvikle dei mange naturmøteplassane. 4H har også utvikla nettsida www.naturmøteplass.no og fire byggepakkar med teikningar, materialliste, budsjett og tips til bygginga som kan nyttast ved utvikling av ein ny møteplass.

 

Draumeplassen

Draumeplassen er ein konkurranse der lag og organisasjoner kan søke om midlar og prosjekthjelp til å utvikle sin draumeplass.

Våren 2015 lyste 4H Sogn og Fjordane for første gong ut Draumeplassen-konkurransen. Vi kåra den gong to vinnarar som fekk 50 000 kr, samt arkitekttenester og prosjekthjelp. I 2017 og 2018 har fem lokalsamfunn i Sogn og Fjordane blitt kåra som vinnarar av Draumeplassen. Desse fekk kvar 100 000 kr i støtte. I Møre og Romsdal blei gåvemidlane utlyst for fyrste gong våren 2019, fem vinnarar blei kåra, og dei fekk då 100 000 kr kvar til å bygge sin naturmøteplass.

Erfaringane frå å lyse ut ein slik konkurranse er udelt positive. Lokalmiljøa blir engasjert, viljen til å skape er stor, og resulterer i spennande lokale prosjekter med måla at barn, unge og voksne får auka glede og kunnskap om å være i naturen. Både pengestøtta frå Gjensidigestiftelsen, Sparebanken Møre og prosjekthjelpa frå 4H blir tatt svært godt imot. I tillegg ser vi det som svært nyttig å ha prosjektleiar til å følgje opp vinnarane, for å hjelpe dei med praktiske utfordringar, i mobiliseringa og for å kvalitetssikre prosessen med å realisere naturmøteplassane.

 

Hovudmål

Gjennom Draumeplassen vil vi lyse ut ein konkurranse der lokalsamfunn i Møre og Romsdal kan vinne pengar og prosjekthjelp til å skape opne møteplassar i naturen. Prosjektperioden skal være ein læringsarena for barn, unge og voksne, der barn og unge skal kunne delta gjennom heile prosjektperioden. Naturmøteplassar er som ein «ballbinge» i naturen kor læring om friluftsliv, natur og miljø står i fokus. På denne måten vil vi heve det kortreiste friluftslivet, få fleire til å bli aktive i friluft og skape auka glede og kunnskap om naturen.

 

Resultatmål

  • Draumeplassen må ligge i fylket som lyser ut konkurransen

  • Skape lokalt engasjement og utvikle naturmøteplasser som er open for alle.

  • Prosjektperioden skal være ein læringsarena der barn og unge gjennom deltakelse i prosjektet oppleve mestring og læringsglede.

  • Prosessen skal i heile perioden være dokumentert gjennom tekst og bilete.

  • Naturmøteplassen skal være lokalmiljøet til nytte, og ein open arena for alle.

  • Det skal være ein naturmøteplass med visjon om bærekraft, kulturhistorie og omtanke for naturen.

  • Naturmøteplassen skal heve det kortreiste friluftslivet, få fleir til å bli aktive i friluft og skape auka glede og kunnskap om naturen.

  • Utvikle naturmøteplasser med kreativitet, nytenking og universell utforming. 

DRAUMEPLASSEN 2019

I 2019 blei Draumeplassen-konkurransen utvida til å gjelde i Troms, Østfold, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Gjensidigestiftelsen har støtta fylkeslaga til 4H i dei fire fylka, slik at vi kunne utvide konkurransen. Søknadsfristen var 15. mai. Her kunne alle lokale lag og frivillige organisasjonar søkje. Målet er at totalt 20 vinnarar får kr 100 000,- kvar til å etablere naturmøteplass i nærmiljøet.

Vinnarane i Troms:
- Fallvik Gard (Nordreisa),
- Holt 4H/Læringstunet/Nibio (Holt, Målselv)
- Vikran Utviklingslag m/fleire (Vikran).

Vinnarane i Østfold:
- Kolberg 4H (Fredrikstad)
- Moss og Omeign Jeger- og Fiskarforeining/8
- Moss Speidergruppa (Moss)
- Askim Speidergruppe/Askim 4H (Indre Østfold)
- DNT Vansjø (Våler)
- Speidergruppen Sarpsborg FSK (Sarpsborg).                     .

Vinnarane i Møre og Romsdal:
- Fossekallen 4H (Sunndal)
- Todalen Idrettslag (Surnadal), Elvablikk 4H (Vanylven)
- Kråkefot 4H (Rauma)
- Straumen 4H (Sykkylven).

Vinnarane i Sogn og Fjordane:
- Askrova Bygdelag (Flora)
- Dalen Grendalag (Bremanger)
- Fossekallen 4H (Stryn)
- Gaupa 4H/Innvik Bygdeutvikling (Stryn)
- Stadlandet IL/Barnas Turlag Stadlandet (Selje)

DRAUMEPLASSEN 2018:

I 2018 fekk vi inn 14 søknadar til Draumeplassen-konkurransen. Dei fem vinnarane av Draumeplassen 2018, som kvar får kr 100 000,- i stønad frå Gjensidigestiftelsen.

Vinnarane i Sogn og Fjordane:
- Bergkrystallen 4H i samarbeid med Lavik IL (Lavikdalen)
- Instedalen Skianlegg i samarbeid med Instedalen Krins og Von 4H (Naustdal)
- Jomentum Barnekor i samarbeid med Flora Pensjonistlag (Florø) - Norane Idrettslag (Ylvisåker i Sogndal)
- Solstrålen 4H (Angedalen i Førde).
Tredje prosjektleiar av Draumeplassen i Sogn og Fjordane er Roger Eide.

DRAUMEPLASSEN 2017:

I 2017 kom der inn 8 søknadar. Nytt av året var at Gjensidigestiftelsen gav stønad til fem vinnarar, som kvar fekk kr 100 000,- til å etablere naturmøteplass i nærområdet.

Vinnarane i Sogn og Fjordane:
- Atløy 4H (Atløy)
- Fjellklang 4H (Sundsdalen)
- Freidig 4H (Stårheim)
- Hei og Hå 4H (Bryggja)
- Nærøyfjorden Verdsarvpark (Flåmsdalen).

Andre prosjektleiar av Draumeplassen er Dag Håvar Vea.
” Takk for stødig vidareføring av stafettpinnen med Draumeplassen i Sogn og Fjordane, Dag Håvar!”

DRAUMEPLASSEN 2015:

I 2015 vart Draumeplassen-konkurransen lyste ut for første gong. Her vart frivillige lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane inviterte til å skildre sin draume-naturmøteplass. Det var til saman 19 søkarar, og det blei kåra to vinnarar. Dei to vinnarane fekk 50 000 kroner kvar, og vart pilotplassar for prosjektet. Her har vi fått fylgje og medverka i prosessane med å skape gode naturmøteplassar. 

Vinnarane i Sogn og Fjordane:
- Hardbakke (Solund)
- Davik (Bremanger)

Skaparkvinne, eldsjel og aller fyrste prosjektleiar av Draumeplassen i Sogn og Fjordane er Hanna De Groot.

Takk for at du drøymte stort og satsa på naturmøteplassar for fleire, Hanna!”