Korona - Kva gjer vi i 4H

Draumeplassen 2021

4H Troms: Vil kåre 2 nye Draumeplassar i 2021

4H Østfold: Meir info kjem.

4H Møre og Romsdal: Meir info om konkurransen kjem i haust. Søknadsfrist vert 20. januar 2021.

4H Sogn og Fjordane: Prosjektet har tatt en pause, men hvis finansiering kjem på plass er vi klar med ny konkurranse hausten 2021!

Draumeplassen fb.jpg

Vi tilrår alle som vil søkje om å sette seg inn i prosjektpakka på denne nettsida for å få ein beste mogleg søknad. Ein kan berre søkje som lag og organisasjon, ikkje som privatperson eller frå det offentlege.

Søknadsskjema for Draumeplassen 2021

Last ned mal for skildring av naturmøteplassen (Word-fil til nedlasting på egen pc).

Last ned mal for budsjett (Excel-fil til nedlasting på egen pc).

Vi kårar fem vinnarar ut i frå desse kriteria:

  • Born og unge skal vere aktiv i heile prosessen

  • Plassen skal kunne brukast av alle som vil

  • Plassen må vere i Troms, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane eller Østfold (som har fått støtte i 2020)

  • Søkjarar må dokumentere prosessen gjennom tekst og bilete

  • Vi vektlegg skildringar som viser omtanke for naturen

  • Vi vektlegg plassar som er eigna som læringsarena for natur- og miljøaktivitetar

  • Vi vektlegg søknadar som nødvendig turveg / turstiar og fysisk aktivitet

  • Vi vektlegg kreativitet og nytenking

  • Vi vektlegg tilgjengeligelegheit og framkomstmoglegheiter for alle

Draumeplassen 2019:

I 2019 blei Draumeplassen-konkurransen utvida til å gjelde i Troms, Østfold, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Gjensidigestiftelsen har støtta fylkeslaga til 4H i dei fire fylka, slik at vi kunne utvide konkurransen. Søknadsfristen var 15. mai. Her kunne alle lokale lag og frivillige organisasjonar søkje. Målet er at totalt 20 vinnarar får kr 100 000, - kvar til å etablere naturmøteplass i nærmiljøet.

Vinnarane i Troms: Fallvik Gard (Nordreisa), Holt 4H / Læringstunet / Nibio (Holt, Målselv) og Vikran Utviklingslag m / fleire (Vikran).

Vinnarane i Østfold: Kolberg 4H (Fredrikstad), Moss og Omeign Jeger- og Fiskarforeining / 8. Moss Speidergruppa (Moss), Askim Speidergruppe / Askim 4H (Indre Østfold), DNT Vansjø (Våler) og Speidergruppen Sarpsborg FSK (Sarpsborg). .

Vinnarane i Møre og Romsdal: Fossekallen 4H (Sunndal), Todalen Idrettslag (Surnadal), Elvablikk 4H (Vanylven), Kråkefot 4H (Rauma) og Straumen 4H (Sykkylven).

Vinnarane i Sogn og Fjordane: Askrova Bygdelag (Flora), Dalen Grendalag (Bremanger), Fossekallen 4H (Stryn), Gaupa 4H / Innvik Bygdeutvikling (Stryn) og Stadlandet IL / Barnas Turlag Stadlandet (Selje).

Draumeplassen 2018:

I 2018 fekk vi inn 14 søknadar til Draumeplassen-konkurransen. Dei fem vinnarane av Draumeplassen 2018, som kvar får kr 100 000, - i stønad frå Gjensidigestiftelsen, er Bergkrystallen 4H i samarbeid med Lavik IL (Lavikdalen), Instedalen Skianlegg i samarbeid med Instedalen Krins og Von 4H (Naustdal), Jomentum Barnekor i samarbeid med Flora Pensjonistlag (Florø), Norane Idrettslag (Ylvisåker i Sogndal) og Solstrålen 4H (Angedalen i Førde). Tredje prosjektleiar av Draumeplassen i Sogn og Fjordane er Roger Eide.

DRAUMEPLASSEN 2017:

I 2017 kom der inn 8 søknadar. Nytt av året var at Gjensidigestiftelsen gav stønad til fem vinnarar, som kvar fekk kr 100 000, - til å etablere naturmøteplass i nærområdet. Vinnarane av Draumeplassen 2017 var Atløy 4H (Atløy), Fjellklang 4H (Sundsdalen), Freidig 4H (Stårheim), Hei og Hå 4H (Bryggja) og Nærøyfjorden Verdsarvpark (Flåmsdalen). Andre prosjektleiar av Draumeplassen er Dag Håvar Vea. Takk for stødig vidareføring av stafettpinnen med Draumeplassen i Sogn og Fjordane, Dag Håvar!

Draumeplassen 2015:

I 2015 vart Draumeplassen-konkurransen lyste ut for første gong. Her vart frivillige lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane inviterte til å skildre sin draume-naturmøteplass. Det var til saman 19 søkarar, og Hardbakke (Solund) og Davik (Bremanger) vart kåra til vinnarar. Dei til vinnarane fekk 50 000 kroner kvar, og vart pilotplassar for prosjektet. Her har vi fått fylgje og medverka i prosessane med å skape gode naturmøteplassar. 

Skaparkvinne, eldsjel og aller fyrste prosjektleiar av Draumeplassen i Sogn og Fjordane er Hanna De Groot. Takk for at du drøymte stort og satsa på naturmøteplassar for fleire, Hanna!


For spørsmål eller ein hyggjeleg prat om Draumeplassen, ta gjerne kontakt:

Hilde Ovesen, Prosjektleiar Draumeplassen Troms, tlfnr: 951 42 497, e-post: hilde.ovesen@4h.no

Karianne Ellefsen Skotte, Prosjektleiar Draumeplassen Møre og Romsdal, tlfnr: 481 04 468, e-post: karianne.skotte@4h.no

Geir Knutsen, Prosjektleiar Draumeplassen Østfold, tlfnr: 908 57 129, e-post: geir.knutsen@4h.no