SØKNADSFRISTen er ute

Fase 1 “Søknadsfasen”

I fase ein er det prosjektidéen som skal utviklast. Fyll ut skjema, og levere ein kort film på ca. 1 minutt. Mobilkamera kan benyttast. Inkludering og engasjement av born og unge, samt nytteverdi er viktige kriteriar i fase ein.

Under utarbeiding av søknad kan prosjektleiar kontaktas for veiledning og hjelp. De kan også finne mykje nyttig informasjon her. Ønskje er at born og unge er med i utforming av søknaden.

Søknadsskjema

Søknadsskjema har ei rekke spørsmål for å belyse kva prosjekt går ut på. Kopi av spørsmåla i “søknadsskjema til fase 1” finn dykk lenger ned på sida her. Bruk dette som kladd, før de fører inn i søknadsskjema på nett.
Når de trykker på skjema, vil det blir opna eit spørreskjema i Forms. Dette blir automatisk sendt inn til prosjektleiar, men ha gjerne ein kopi av svara liggande på pcen, om det skulle oppstå feil i systemet.

Send ein e-post til karianne.skotte@4h.no for å bekrefte at søknad er sendt. På denne måten kan man være sikker på at alle søknadar kjem inn.

Video

Videoen skal bygge på søknadskjema og vise motivasjonen og dykkar visjon i prosjektet. Ver kreativ.
Video-filer er ofte for stor til å sende på vanlig mail, vi ønskjer derfor at de benytter filemail.com for å sende video inn til prosjektleiar. Filemail lar deg sende store filer på ein enkel og trygg måte.

Merk videoen slik, “Draumeplassen_Karianne_2021. Få med prosjekt, kontaktperson og årstall.

Kriterier som vil bli vektlagt i denne delen av konkurransen

  • Visjon.

  • Barn og unges engasjement og kreativitet i film og søknad.

  • Lokal nytteverdi av ein naturmøteplass.

  • Naturmøteplassen sin beliggenhet og adkomst.

    -       Prosjektet må være i Møre og Romsdal

    -       Pluss om prosjektet har universell utforming

    -       Pluss om det er avtale med grunneigar.

  • Tankar om bærekraftige tiltak, vedlikehold og framtidig drift.

    -       Pluss om prosjektet har fokus på kulturhistorie

    -       Pluss om prosjektet har fokus på tradisjonelle byggeteknikkar.

Når søknadsfristen er over, vil ein jury velge ut 10 søknadar som går videre til fase 2 i konkurransen.

Spørsmål i søknadsskjema til fase 1

Del 1.
1) Fyll inn stadnamn og namn på organisasjonen som søkjer.
2) Søkjer de aleine, eller saman med nokon?
3) Namn, e-post og telefonnummer til kontaktperson.

Del 2.
4) Kvifor bør de vinne 100 000 kr og prosjekthjelp?
5) Beskriv naturmøteplassen de ønskjer å skape, og kven som står bak iniativet.
6) Korleis vil de involvere barn og unge i arbeidet med å skape naturmøteplassen?
7) Kven skal bruke naturmøteplassen? Er den open for alle?
8) Korleis ser området ut no? Er grunneigar informert om planen?
9) Er det opparbeida tursti / tilrettelagt tilkomst? Vil det være mogeleg med universell utforming av tilkomst?
10) Om prosjektet har gapahuk. Er det ønskelig å benytte byggteknikkar som har tradisjonelle utformingar (grindverk m.m)?