Fase to “Praktisk gjennomføringsevne”

I fase to skal prosjektet kvalitetssikrast ved å kartlegge ulike sjekkpunkt.

På liklinje som i fase ein, skal søknaden sendast inn ved å bruke søknadsskjema i forms. Det er eit par konkrete spørsmål som skal presiserast litt tydligare, i tillegg til nokre vedlegg som skal beskrive prosjektet i heilheit.

Om behovet er der vil det være mogeleg å melde seg på teamsmøte for å få ei innføring i dei ulike elementa til søknadsrunde to. Om det er interesse for å lære meir om budsjett, framdriftsplan, prosjektbeskrivelsar eller andre ting, gi ei tilbakemelding til prosjektleiar så skal dette organiserast.

Søknadskriterier

I fase to skal det sendast inn prosjektbeskrivelse, budsjett, framdriftsplan, vedlikehaldsplan og beskrivelse av dialog med grunneigar og kommune for å kartlegge om det er mogeleg å bygge ein naturmøteplass på det tiltenkte området i henhold til lovverket.

Kriterier som blir vektlagt i denne delen av konkurransen

  • Har prosjektet god prosjektbeskrivelse

  • Har prosjektet gjennomtenkt framdriftsplan

  • Har prosjektet realistisk budsjett.

  • Har prosjektet god dialog med kommunene og grunneigaravtale.

  • Har prosjektet plan for byggekonstruksjon, byggeprosess og vedlikehald i etterkant av prosjektperioden.

    • Pluss om prosjektet har fokus på barn og unges deltakelse i prosjektperioden

    • Pluss om prosjektet har universell utforming.

    • Pluss om prosjektet har fokus på kulturhistorie og tradisjonelle byggeteknikkar.

Spørsmål i søknadsskjema til fase to

  1. Namn på organisasjon/klubb som søkjer.

  2. Namn på kommune som draumeplassen skal byggast i.

  3. Kontaktinformasjon til søkjar.

  4. Kort beskrivelse av naturmøteplassen, med tydelig og konkret beskrivelse av kva midlane skal gå til (Gjerne korte punktlinjer).

  5. Tydeleg og konkret beskrivelse av korleis barn og unge skal inkluderast i arbeidet.

  6. Er grunneigaravtale på plass, og dialog med kommunen igangsatt?

  7. Kven skal stå som eigar og forsikrar av naturmøteplassen?

  8. Kven har ansvaret for vedlikehaldet av naturmøteplassen?

  9. Vedlegg som skal lastast opp:
    - Prosjektbeskrivelse
    - Utforming og materiale til naturmøteplassen
    - Kart/bilder som illustrerer kvar gapahuken/naturmøteplassen skal være.
    - Framdriftsplan.
    - Budsjett.
    - Grunneigaravtale, eventuelt dialog med kommune.
    - 3-6 kontaktpersoner som ynskjer å være i prosjektkomiteen, og deira hovedansvar.

Søknadsfrist til fase to er sett til 20.05.2021