Byggepakke: Modell Viskedalsvika
Denne naturmøteplassen står heilt i kanten ved eit godt fiskevatn. Den fungerer som badestasjon om sommaren og som mat og varmestove for alle som går på skøyter om vinteren. Den lokale 4H-klubben har ein del møte her, og den vert også brukt til barnebursdagar.
Den geniale duken dei har fått sydd til å dekke opninga, er sydd i same materialet som ein lagar "teltfjøs" av. Her vert det varmt og godt!
Andre tiltak:
4H-klubben har også ferdigstilt byggesteg 2: Enno lettare for alle å komme seg fram til gapahuken.
Legg og merke til den fint oppmurte grua som er praktisk plassert på den eine sida av gapahuken. Med ei slik plassering er det mykje mindre sjanse for at nokon er uheldig og brenner seg.
Det er kjøpt inn kanoar og bålpanne.
Denne naturmøteplassen har også badebryggje og stupetårn.
TIL NEDLASTING:
Klikk på biletet for å laste ned byggepakke med teikning, materialliste, budsjett, m.m.
Du finn 3D-teikning av bygget om du lastar ned det gratis programmet SketchUp. Les meir om dette og om byggepakkar og teikningar her.