Bjørkehaugen naturmøteplass, Fortun, Luster

Denne naturmøteplassen er eit samarbeid mellom ein 4H-klubb og ein 4H-gard. Den står høgt og fritt i utkanten av garden og kan, som alle naturmøteplassar, brukast av alle uavhengig av om ein er på gardsbesøk. Her kan ein lage seg mat og nyte utsikta over gardslivet og beiteområda. Gapahuken står på ein kolle, så her er det ikkje mogleg med full tilrettelegging.

Når det er besøk på garden strekker naturmøteplassen aktivitetsområdet til garden ved å vere ein ekstra stasjon å besøke. Den vert også sett etter og vedlikehaldt i eit samarbeid mellom klubben og garden - eit fint eksempel på ein vinn-vinn-situasjon.

Konstruksjonen er enkel og varig av lokalt tømmer. Ver merksam på at den har kraftig vindfang, så det er viktig å vere nøye med plassering om de har lyst til å sette opp ein slik modell. 

Andre tiltak: 
Det er laga ein kunststi i området rundt naturmøteplassen. På det brattaste er det tilrettelagt med enkle trapper og gelender.