Bli med på kurs!
Opplæringa gjennom Leiar i friluft-serien har hausta gode tilbakemeldingar.
Ein grunnmodul
Grunnmodulen i Leiar i friluft-serien heiter Trygg og sikker og er på 2x3 timar. Den inneheld ei samling på 3 timar med temaet leiarrolla, i tillegg til eit førstehjelpskurs i samarbeid med Røde Kors.
To inspirasjonssamlingar
Når du har teke grunnmodulen har du moglegheit til å delta på inspirasjonssamlingane Flinke hender og God helse. Dei er på 3 timar kvar. Her får du tips til i kjekke aktivitetar som du kan lære vidare.
Når du har gjennomført grunnmodulen og begge inspirasjonsamlingane har du fullført Leiar i friluft!