Rapport ved uhell
Har det først skjedd eit uhell er det viktig å sortere: Kva var det som skjedde, kvifor skjedde det, og kan vi gjere noko for å forhindre at det skjer igjen?
Er du tilknytt ein 4H-klubb kan det vere riktig å sende eit skjema for ei uønska hending til ditt næraste 4H-kontor. Skjemaet kan du laste ned her: Rapport for uønska hending. På baksida av skjemaet finn du òg orientering om kva ein skal gjere med tanke på forsikring.
Om aktiviteten ikkje var organisert bør du uansett gjere deg eit notat når hendinga er ganske fersk. Då har du det til seinare om det skulle verte nødvendig.