Kreative kunstverk

Foto: Hilde Sværen
Alder: Frå 6 år og oppover.
Tid: ½ time eller lenger.
Utstyr: Lerret, penslar, maling, beger til vatn, palett (plate, plastpalett, eller anna til å blande fargar i).
Lag eit fint kunstverk av det du ser i naturen. Gå gjerne inn i detaljane, for å finne interessante og fine mønster og fargar. Lag gjerne til ei utstilling om de er fleire i lag.
Oppgåve:
Deltakarane får kvar sitt lite lerret, til dømes i str. 20x20 cm. Oppgåva kan vere å måle noko av det du ser i naturen rundt deg. Du kan velje kor du vil plassere deg i landskapet.
Du kan også få meir konkrete oppgåver som å studere i detalj barken/neveren på eit tre og male mønsteret i denne. Du kan gjerne bruke andre fargar enn dei som er i naturen.
Eit anna forslag kan vere å finne ein blome, eit blad, ein stein eller liknande å male. Eller du kan lage eit kunstverk sjølv ved å dandere naturmateriale og deretter male det.
Klarer du å telje alle snøfnugga du ser? Og visste du at ingen snøfnugg er heilt like?
Ved å studere fuglar på eit fuglebrett eller rundt fuglemataren kan du bli kjent med overvintrande fuglar.
Eit bål kan vere til nytte for så mangt - til matlaging, til å varme seg ved, eller berre til å nyte synet av.
Etter ein lang vinter er det fint å finne dei første vårteikna - og dei kjem tidlegare enn du trur.
Å snekre sin eigen fuglekasse er eit overkommeleg prosjekt, særleg om ein får ferdige delar.
Det finst mange ulike typar humle - kvifor ikkje studere desse små skapningane litt nærare?