Lag ei insektfelle

Foto: Hanna de Groot
Alder: Frå 5 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades for å hjelpe og rettleie.
Tid: ½ time
Utstyr: Eit beger (t.d. youghurtbeger på ½ l.), ein plankebit, småstein, spade.
Insekt og andre småkryp er spennande å utforske. Så kvifor ikkje gå på ei skikkeleg oppdagarferd? Då kan det vere nyttig med ei insektfelle.
Oppgåve:
Grav eit lite hol i bakken og sett begeret nedi. Kanten på begeret skal ligge på linje med terrenget rundt. Legg nokre småstein rundt kanten av begeret og ein plankebit over som tak. La fella stå til neste dag, og sjå om det har komme insekt i fella i løpet av natta. No kan du studere insekt og andre småkryp nærmare.
Kva artar ser du? Kva rolle har insekta i naturen? Bruk gjerne ei insektbok eller last ned ein app. Hugs å sleppe insekta ut igjen i naturen heile og fine!
Klarer du å telje alle snøfnugga du ser? Og visste du at ingen snøfnugg er heilt like?
Ved å studere fuglar på eit fuglebrett eller rundt fuglemataren kan du bli kjent med overvintrande fuglar.
Eit bål kan vere til nytte for så mangt - til matlaging, til å varme seg ved, eller berre til å nyte synet av.
Etter ein lang vinter er det fint å finne dei første vårteikna - og dei kjem tidlegare enn du trur.
Å snekre sin eigen fuglekasse er eit overkommeleg prosjekt, særleg om ein får ferdige delar.
Det finst mange ulike typar humle - kvifor ikkje studere desse små skapningane litt nærare?