Kva er ein bra plass?
På jakt etter den beste plassen i det aktuelle området.
No bør de involvere fleire. Ta med born i forskjellige aldrar. Sjå kor dei trivst og leikar best.
Nokre gongar veit ein med ein gang kor naturmøteplassen skal vere. Då er det gjerne ein plass som allereie er i bruk. Andre gongar er det lurt å leite litt og teste ut forskjellige plassar. Tenk gjennom korleis den vil endre seg gjennom alle årstider. Her er ei lita sjekkliste:
Kva aktivitetar kan me legge til rette for her?
Aking
Elveleik / vannmøller
Skøyter
Konsert
Urtesanking / plantelære
Oppdagingsferd
Turstiar
Overnatting
Historiske plassar/kulturminne
Klubbmøter
Fuglekikking / fuglekassar
Matkurs
Uteskule
Padling
Fisking
Matlaging
Turmål for familiar
Bærplukking
Volleyball
Konglegolf
Sopptur
Lære om dyr
Frisbeebane
Skileik
Natursti
Familiedagar
Turlagsturar
Nokre ting er mindre konkrete, men minst like viktige:
Ta dykk tid og bruk alle sansar.
Er det godt å vere her?
Kor er den naturlege samlingstaden?
Er det kjekt å leike her?
Korleis kan dette verte ein Draumeplass?
Så det praktiske:
Er det gode solforhald?
Vert elva stor om våren eller hausten?
Må taket tole mykje snø?
Korleis er det med mygg og flått her?
Vert isen trygg om vinteren?
Må me ta hensyn til sterke vindråser når me vel bygning?
Kor kan ein parkere?
Er det mogleg å tilrettelegge tilkomsten slik at flest mogleg kjem seg fram hit?
Korleis kan me gå på do her?
Korleis får me byggevarer fram hit?
Er det tømmer her som me kan få lov å bruke?
Kor kan me finne vatn?
Andre ting ein kan sjå på er:
Finst det nokre spennande historiar om denne plassen?
Er det noko spesielt me kan lære av denne plassen? Til dømes plantar eller dyreliv? Gamalt kulturlandskap?
Kan ein kople saman gamle og nye turstiar?