Er det lov?
Det er heldigvis mykje som ER LOV.
Det er nokre reglar du må kjenne til når du lagar ein naturmøteplass: Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr og Norsk Standard NS-EN 1176-1:2008. Dette er reglane som gjeld på leikeplassane i barnehagane. Som du ser i sitatet under kjem me ikkje forbi desse bestemmelsane på naturmøteplassane heller:
I henhold til lekeplassforskriftens § 4 er lekeplassutstyr ”alle installasjoner og/eller delkomponenter med tilhørende underlag, som er konstruert, produsert eller markedsført med den hensikt å bli installert på lekeplasser, med sikte på individuell eller kollektiv lek". En lekeplass er i henhold til samme paragraf; ”ethvert areal, opparbeidet eller naturlig, som er tilgjengelig og som er tilrettelagt for barns lek”. (* dsb.no)
Dei tre tinga du må vere merksam på er (i følgje regelhjelp.no):
Åpninger
Lekeplassutstyr skal ikke ha åpninger og avstander som barn kan bli sittende fast i. Utstyret skal ikke ha fast dimensjonerte åpninger mellom 9 cm og 23 cm.
Fallhøyde
Det er krav til underlag og sikkerhetssone. Dersom fallhøyden er over 60 cm, skal fallunderlaget være støtdempende. Ved lavere fallhøyde må krav til fallunderlag vurderes konkret. Betong, stein eller asfalt skal aldri brukes som fallunderlag.
Kjemikalier
Lekeplassutstyr skal ikke avgi helseskadelige kjemikalier.
Som du ser er "Tarzanløyper" og høge klatretårn eksempel på tilretteleggingar som truleg vil komme borti desse reglane. Dessverre. Men samtidig: Så bra! Trygge leikeplassar er bra.
På ein naturmøteplass har me heile naturen å ta i bruk! Det er jo DEN me vil bli kjend med. Og det som er der heilt naturleg treng me ikkje tenkje på dimensjonerte opningar og fallunderlag for lovens del. (Men sunn fornuft gjeld framleis!)
Sjå på det som ei utfordring å lære born korleis dei kan ha glede, utfordring og leik i naturen slik den er, heller enn å kjempe med eller mot paragrafane.
Her er lenkjer til reglane som gjeld: