Tilrettelegging
Korleis legge naturmøteplassen til rette for flest mogleg?
Tilrettelegging i norsk natur byr på utfordringar og full tilrettelegging av heile området er nok ikkje mogleg innanfor økonomien til eit naturmøteplassprosjekt. Me skal likevel hugse på at med enkle tiltak kan ein få til ein heil del.
Kva er eigentleg tilrettelegging?
Den sosiale og inkluderande delen av tilrettelegging, som å vere inviterande og oppmuntrande kan i seg sjølv få mange i aktivitet. Naturen byr på utfordringar, men kanskje det går om ein gjer det saman? Eller i vårt eige tempo?
Her er seks tiltak for inkludering.
Personlege tilpassingar, som å ta omsyn til allergiar er også tilrettelegging som kan vere svært befriande for den det gjeld. Men det fordrar sjølvsagt at du kjenner til det og er i dialog.
Nokre gongar er det ikkje nok med pågangsmot. Det er reint praktiske tilretteleggingar som må til. Sjå på linkane under og bli inspirert:
Tilretteleggingar for rørslehemma:
Å ha som mål at flest mogleg kan komme seg til samlingstaden/ gapahuken og under samme tak er kjempefint.
Ein heilt vanleg skogssti kan tilretteleggast. Ein treng ikkje leggje stien på det brattaste hvis det går an å gå rundt. Kvilebenkar undervegs er også eit bra tiltak som mange kan ha glede av. Eit stødig rekkverk, ein klopp over eit vanskeleg parti eller ei trapp er også tilrettelegging.
Det kan det vere greitt å kjenne til denne veiledaren for tilrettelegging av turvegar, løyper og stiar. Der finn du òg tips til korleis du kan få hjelp til å finansiere tilretteleggingar.
Toalett:
Ein fin regel er at alle som kan klare å komme seg fram til naturmøteplassen også skal kunne komme seg på toalettet. Eksempel på toalett for alle.
Rettleiing:
Treng du tips og råd om tilrettelegging på din naturmøteplass eller i din organisasjon har vi opplevd at medlemsorganisasjonane i FFO (Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon) har mykje kunnskap og engasjement å dele om kva som er enkel og praktisk tilrettelegging.
Sjå meir på FFO sine heimesider.