Forsikring
JA, det går an å forsikre naturmøteplass-bygget - og me anbefalar det.
I alle fall om den har kosta ein heil del i både materialkostnadar og arbeid. Hugs at investerte dugnadstimar i bygginga også har verdi. I følgje «Satelittrekneskap for ideelle og frivillige organisasjonar» per 2016, er satsen per dugnadstime 350 kr. Enkelte bidrag har høgare verdi, for eksempel om ein entrepenør stiller opp gratis.
Tenk gjennom kva som er mest aktuelle skader som kan oppstå og ta deg tid til å lese forsikringspapira, slik at du er sikker på at forsikringa dekker behovet, og at du oppfyller krava i avtalen: For eksempel kan det vere krav om tilgjengeleg brannteppe e.l. Spør også om forsikringa dekkjer naturskadar som til dømes storm eller rotvelt.
Ta kontakt med forsikringselskapa for tilbod. Eit priseksempel me har fått er kr 1300 per år.