Styret
Styret eller årsmøtet i laget må gjere vedtak.
Skal prosjektet gjennomførast i eit etablert lag er det viktig at det vert gjort vedtak i styret på at de skal gå i gang med prosjektet. Er det store prosjekt må det gjerne drøftast og bli gjort vedtak på årsmøtet også.
Styret må bestemme kven som kan skrive under ein grunneigaravtale på vegne av laget, og at prosjektgruppa har lov å søke om midlar til naturmøteplass. Kva konto som skal nyttast? Det er bra om ein også avgjer om laget kan gå inn i prosjektet med eigne midlar.
Nokre gongar består prosjektgruppa av representantar frå fleire forskjellige lag. Då er det som regel eitt lag som står som hovedsøkar når ein søker etter pengar.
Her er det viktig å presisere at sjølv om det er eitt eller fleire lag som realiserer prosjektet, så vil den ferdige naturmøteplassen vere open for alle.